Utbygginga på Liatoppen er i gang!
Postet av Liatoppen Skisenter den 12. Sep 2006
Utbygging av skytebanen til 30 skiver er i full gang. I tillegg blir vegen frå Liagardsvegen og inn til Liatoppen rusta opp. Arbeidet er planlagt fullført til 1. desember.
Stor utbygging på Liatoppen |
Arbeidet som no er i gang har vore planlagt i fleire år, og er eit stort løft for eigarlaga og skisenteret. Ål skiskyttarlag er tildelt Junior-NM i skiskyting i 2008 og opprustinga er ein viktig del av førebuingane til arrangementet. I tillegg har deltakartalet på Liatoppsprinten auka for kvart år og er no så høgt at fleire skiver er etterspurt.
Mykje masse skal flyttast og mykje fjell skal sprengast bort. Sjølve standplassen blir flytta innover mot tidlegare skyteskiver. Inngåande løype vil no koma bak eksisterande reiskapshus. Skytebanen blir nesten dobbelt så brei som tidlegare, 96 m, og avstanden mellom skivene blir auka frå 2,5 m til 2,9 m. Grave- og sprengingsarbeid blir utført av entreprenør Oddvar Øygard AS.
I tillegg blir det lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats frå eigarlaga som har faste dugnadskveldar heile hausten.
Utgraving av tidlegare standplass |
Utbygginga er kalkulert til omlag 3 mill. kroner. Finansieringa vil vere 1/3 i tippemiddelanlegg, 1/3 i kommunalt tilskot og 1/3 frå eigarlaga. Anlegget fekk ikkje tildelt tippemidlar i 2006, så kommunen har forskottert ein samla sum på kr 927.000 for 2006 og 2007 slik at arbeidet kunne starte i år.
Det nye anlegget vil få sin elddåp under Liatoppsprinten i april 2007.
Standplassen skal flyttast innover i terrenget |
Den nye skytebanen tek form |
Her skal mykje sprengingsarbeid gjennomførast |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.