Del 1 og Del 2 - NM i skiskyting 2019 på Liatoppen skisenter
Foto: Hallingdølen | Ål Skiskyttarlag og Liatoppen Skisenter arrangerer todelt NM for senior og norgescupfinale for junior i 2019. Utgangspunktet var at heile NM skulle gå frå 27. til 31. mars 2019. Norges Skiskytterforbund spurde i mars om me kunne arrangere todelt-NM fordi det passar med den internasjonale terminlista å ha fyrste del av NM fyrste helga etter nyttår. Det har arrangørkomiteen sagt ja til. Dermed blir det for fyrste gong eit todelt senior-NM i skiskyting. Fyrste del av NM går på Liatoppen 5. og 6. januar. Då blir det sprint og fellesstart med direkte TV-overføring i NRK begge konkurransedagane. Andre del av NM går frå 28. til 31. mars med normalprogram, jaktstart og stafettar. Då blir det ikkje direkteoverføring i NRK, men TV-innslag frå konkurransane og det som skjer rundt NM. Den helga er det også NC-finale for junior, fellesstart. |
Foto: Caroline Utti | Ål skiskyttarlag arrangerte senior-NM i 2001, og junior-NM i 1993 og 2008. Me ynskjer skiskyttar-Noreg velkomen tilbake til to NM-helger i Ål og på Liatoppen Skisenter. Det blir to vekers skiskyttarfest på Liatoppen Skisenter i april/mars 2019. Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival, med 1100 skiskyttarar i alderen 8-16 år, går helga etter andre del av NM. Meir informasjon kjem seinare. Kontaktperson:
Tore Bøygard, leiar i NM-komiteen
|