Bergsjørennet 2011
Postet av Liatoppen Skisenter den 27. Mar 2011
Årets Bergsjørenn gjekk som vanleg frå Bergsjøstølen til Liatoppen. Det var knytt ei viss spenning til om starten kunne gå i høgfjellet på Bergsjøstølen ettersom vervarselet i forkant varierte mellom bris og stiv kuling. I fjellet var det ikkje vindstille, men ikkje verre enn at løparane hadde ein fin tur på eit raskt føre.
Raskaste "klassiker" på herresida var Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL på tida 1.27.37 medan raskaste dame var Julie Synnøve Ensrud, Trøsken IL på 1.58.46. I fristilklassa var Joar Tistel, Vik IL raskast på 1.21.25 på dei 32 kilometerane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.